Hovudstyret
Fotballgruppa
Idrettsskulen
Ski og Friidrettsgr
Trimgruppa

     

 

 

 

 

Ljosløyperenn                                                            Tilbake til hovudside


LANGRENNSAKTIVITET 2012

Lysløyperenn

Dato

Tysdag 3.1

Tysdag

10.1

Tysdag

17.1

Tysdag

24.1

Tysdag

31.1

Tysdag

7.2

Tysdag

14.2

Tysdag

21.2

Tysdag

6.3

Klassisk

 

X

 

x

 

x

 

x

 

Fristil

x

 

x

 

x

 

x

 

x

  

Skirenna startar kl 1830, påmelding 1800 – 1815 i skihytta.

Kuldegrensa er -15?C.  Kontakt ein i styret om du er i tvil, eller sjekk heimesida.

Startkontingent er kr. 20,- pr deltakar. Alle som startar vere medlemmar i Lom IL.

Vi held fram med trimklasse for vaksne. (5  km, frivillig tidtaking). Som i fjor er  medlemmar frå Garmo IL og Bøverdalen IL spesielt invitert til å delta.

Det blir  kiosksal som før. 

 

Idrettskulen har skileik før lysløyperenna frå 1730 – 1800 i perioden 10.01 – 06.03.

  

Premiekveld på Norsk Fjellmuseum tysdag17.04 kl. 18.00. Alle som deltek i karusellrenna vert premierte. Liten premie 1-4 renn, stor premie 5 eller fleire renn.

 

Klubbmeisterskap i Lia, sundag 19.februar kl 13.00

Påmelding kl 1130 – 1215 i skihytta. Premiering rett etter rennet.

 

Grannekarusellen 2011

For dei som ynskjer å delta på renn utanfor Lom, så er Grannekarusellen ein fin start. Dette er renn som vert arrangerte i nabokommunane våre. Mange løparar frå Lom deltek, og vi hjelp kvarandre med bla. smøring av ski. Startkontingent vert dekt av Lom IL. Start på alle renna er kl 1900, med påmelding seinast 30 min før. Renna er opne for løparar frå 8-årsklassen (f.2004) og oppover. Renna i år vil vera:

11.01 Tessand (Klassisk), 25.01 Vågå (Fristil), 08.02  Lom (Klassisk), 22.02 Lalm-Heidalskogen (Sprintstafett) 07.03 Sjårdalen (Klassisk fellesstart), 14.03 Sel (Fristil), 28.03 Heidal-Heidalskogen (Stafett)

 

Skitrening

Vi fortset med skitrening for 3. – 7.klasse.Treningane vert i Lia på måndagar kl 1800. Treninga startar presis, så det er fint om borna har ferdigsmurde ski, når det er klassisk. Treningane følgjer stilarten som er på renna dagen etter. Dersom du er i tvil om det vert trening pga ver eller føre så ring til Jostein Aakre (91172286) eller sjekk heimesida.

 

Løypekøyring

Lysløypa har hovudprioritet i høve til oppkøyring. Vi prøver så godt vi kan å ha nypreparerte løyper der. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrde stort sett mot helgane. Nytt av året er at spora blir køyrd med trakkemaskin.

 

Helsing styret i Skigruppa: Rune Teigen (95708555), Per Kvernstuen (97730764), Svein Marstein (90799665), Knut Vole ( 90015529), Hedviga Sandorova Sveine (90233858) og Gunn Karin Teigum (90217336))

 

For meir  informasjon på www.lom-idrett.no


Hovudstyret     Fotballgruppa    Ski- og Fiidrettsgr
Trimgruppa    Idrettsskulen 

 

Utforming og vedlikehold: visus, Lom