Fjellskoe TurorienteringLom Idrettslag ved trimgruppa fortset med Fjellskoe Turorientering. Same turmål som i fjor.Turorientering går ut på å finne postar i terrenget ved hjelp av kart (og evt kompass), når du vil, og i det tempoet du ynskjer,- gjerne saman med familie og vener. Alle postane skal lett kunne finnast utan kompass.For å delta må du ha kart og klyppekort (dvs ein konvolutt). Dette får du utdelt gratis på biblioteket. Er du i ein familie der fleire ynskjer å delta, ber vi om at dykk tek ein konvolutt, men ber om ekstra klyppekort!Som sagt er det 20 postar rundt omkring i bygda som står ute heile året.For å vera med på premiering må du levere inn klyppekorta innan 10.oktober på biblioteket.Nye klyppekort kjem ut 01. januar. Dei enkelte postane kan nåast til ulike tider ettersom føreforholda. Det må døkk sjølve vurdere.På kvar tur kan du ta så mange postar du vil og i den rekkefølge du ynskjer. På kvar post heng det ei stiftklemme med eit spesielt mønster på. Klypper du rett nummer på kortet er det kvitteringa di for at du har vore på posten.Dei som er under 18 år vil ved å besøkje 10 ulike postar bli premierte.Dei som er innom alle postane er med i trekning av hovedgevinst.Nytt for sesongen 2011; Ynskjer du å kjøpe T-skjorte for kr 50,- skriv du dette på klyppekortet når du leverer det inn. Hugs å skrive størrelse!!!!!!!!!!!Korleis T-skjorta ser ut vil du kunne sjå på biblioteket i løpet av sesongen.Gjer vel å kontakte Livø Lund Aouina 98675123 dersom du finn feil eller manglar ved nokon av postane.PS. Garmo i.l har og slike postar. Du får tak i konvolutt med kart og klyppekort på Skogheim kafe.God tur!Med helsingLom i.l. Trimgruppa |