Alle Kategorier
 A-kamper 2003
 A-kamper 2004
 A-kamper 2005
 A-kamper 2006
 A-kamper 2007
 A-kamper 2008
 A-kamper 2009
 A-kamper 2010
 A-kamper 2011
 A-lag info
 A-laget
 All time 25
 B-lag
 Dommaroppsett
 Ersviks erindringer
 For alle lag
 Gutter
 Historiske klipp
 Junior
 Kunstgras
 Lillegutt
 Lillepike
 Linker
 Miniputt
 Old Boys
 Piker
 Smågutter
 Småpiker



Hovedsiden
Nyheter Søk
Nyhetsarkiv
1999 2000
2001 2002
2003
Statestikk

Terminlister og resultat

Facebook
Skarpens blogg

Adresseliste fotballgruppa


Du er nå ein av i alt 5 som er inne på sidene.



Kunstgraset endeleg klart

Etter iherdig dugnadsinnsats er graset endeleg grønt og nokonlunde tørt i Grov. Treningstid for lag i Lom blir prioritert, men det er mykje ledig treningstid/ kamptid på kunstgraset utover våren - også i påska. Hugs - pga godt lys kan det trenast på kveldstid.

Send epost til ola@gjeilo.no
Sjå førebels oppsett: Mars 07   April 07  Mai 07  Juni 07

Publ. av olag 14-Mar-2007 (720 visninger) Les meir... |

Tabloidoppslag om kunstgras
Det har den siste tida vore skrive ein del om at kunstgras og at gummien som er lagt inn i graset skal vere skadeleg. Det var avisa Expressen som kom med dette oppslaget sist fredag og seinare har norske aviser hatt liknande oppslag. Leiar i Lom idrettslag Ingvard Olstad har vore i kontakt med leverandøren til bana i Lom, Syntec:

- Det blir helt feil å stigmatisere all gummigranulat som om det var samme produktet, sier Per Ulseth i Syntec AS - selskapet som har lagt kunstgras på ei rekkje kunstgrasanlegg i Noreg. Ulseth fortel at det er sett meget strenge krav til innhaldet i den type granulat som Syntec nyttar i kunstgrasdekker.
Oppslag Expressen...

Publ. av olag 24-Aug-2005 (986 visninger) Les meir... |

Stor aktivitet i Grov
Det er stor aktivitet i Grov i helgen. Forholdene er nå topp og flere lag tar turen til Lom for å trene og spille. Blant annet kommer Sokna fra Sør- Trøndelag til Lom med både senior, junior gutt og junior jenter.

Publ. av olag 08-Apr-2005 (793 visninger) Les meir... |

Så er det endeleg grønt i Grov
Det er ikkje til å leggje skjul på at vi etter kvart har blitt litt utolmodige når det gjeld kunstgraset i Grov. Etter å ha hatt ein svært fin haust med flotte tilhøve nesten heile november, har det gått svært tregt i vinter. Med god hjelp av ei god og varm sol om dagen og iherdig innsats av Tor Gaute (bildet) og Tosten Nordal er nå bana fin og grøn og treningane i full gang..

Publ. av olag 30-Mar-2005 (799 visninger) Les meir... |

Is på kunstgraset
Vi slit med å få klar den nye kunstgrasbana i Grov. Det er ikkje undervarme på bana og vi er avhengig av mildver for å få bort isen som ligg oppå dekket. Alle lag som har bestilt plass på bana vil bli oppdatert om situasjonen. Ved inngangen til påska er situasjonen fortsatt slik at bana ikkje kan brukast. Kontaktperson om banetilhøva i påska: Tor Arne Sandviken tlf. 91845813

Publ. av olag 07-Mar-2005 (726 visninger) Les meir... |

LEIGE AV LOM KUNSTGRAS
Det er oppsett aktivitetskalendere for uke 9 - 15 2005. Last ned:
Uke 14   Uke 15  Uke 16   Uke 17

 

Publ. av olag 14-Oct-2004 (783 visninger) Les meir... |

Opning av Lom kunstgrasbane

Lom vant 4-2 i premieren på kunstgras mot Toten i Grov lørdag. Ca 400 personer hadde tatt veien til Grov til offisiell åpning av det flotte anlegget i Grov. Reidar Kjæstad (bildet) fikk æren av å åpne scoringsballet i Grov allerede etter noen få minutters spill.

Publ. av olag 14-Oct-2004 (746 visninger) Les meir... |

Først på kunstgras
Småpikelaget tjuvstarta litt på kunstgraset sist fredag. Jentene hadde Lesja/ Lesjaskog på besøk og var godt tilfreds trass i tap (3-6). Nå går det slag i slag med kamper nesten kvar kveld i Grov fram til serieslutt. A-laget har sin fyrste kamp på kunstgraset i sin siste heimekamp for sesongen mot Toten 25/9. Football's coming home!
 

Publ. av olag 12-Sep-2004 (733 visninger) Les meir... |

Kunstgraset blir lagt
Endeleg blir kunstgraset i Grov lagt. Etter fleire utsetjingar - delvis på grunn av dårleg vèr under andre prosjekt som leverandøren har hatt - er nå arbeidet i full gang i Grov. Det er usikkert kor lang tid ferdiggjeringa vil ta, men uansett er det nå ikkje langt opp og fram før vi kan ta bana i bruk.

Publ. av olag 01-Sep-2004 (797 visninger) Les meir... |

Dekket på plass i løpet av august
Arbeidet med sluttføring av kunstgrasanlegget pågår nå for fullt i Grov. Før helga vart fem av seks master reist rundt nybana. Den siste kjem på plass med det aller fyrste.

Publ. av olag 16-Aug-2004 (1336 visninger) Les meir... |

Kunstgraset på plass - arbeidet i gang
Kunstgraset som skal leggjast i Grov er nå på plass. Tor Arne Sandviken brukte mykje av ein dag på å lesse dette av med truck frå ein Nederlands lastebil og rullane med kunstgras ligg nå lagra i Grov. Arbeidet med justering av toppsjiktet er nå også i full gang.

Publ. av olag 19-Jul-2004 (689 visninger)

Arbeidet med kunstgraset forsinka
Det er sikkert mange som lurer på kva som skjer - eller rettare sagt - kva som ikkje skjer med kunstgraset i Grov. Tidlegare har det vore sagt at bana skulle vere klar i løpet av juli. Sidan har datoen for oppstart av det vidare arbeidet vore utsett fleire gonger.

Publ. av olag 08-Jul-2004 (799 visninger) Les meir... |

- Arbeidet går etter planen
Arbeidet med kunstgrasbana i Grov går sin gang. Lom idrettslag har nå fått 1,5 millionar i tippemidlar til bygging av kunstgraset. - Med tilskotet frå Lom kommune skal det finansielle nå vere i boks, sier leiar i Lom i.l. Ingvard Olstad til avisa Fjuken denne veka.

Publ. av olag 27-May-2004 (750 visninger) Les meir... |

Arbeidet med kunstgrasbana i gang

Torstein, Vetle, Kenneth og Kastriot er glad for at arbeidet med kunstgrasbana endeleg er i gang.
Arbeidet med påkjøring av masse i Grov er nå i full gang. Det er nå lagt ned kablar til ljosanlegget og fleire entreprenørfirma i Lom er nå i full gang med påkjøring av masse. Heile bana skal hevast med 80 cm og når ein veit at bana til saman er vel 7 mål, kan ein sjølv tenkje seg at det må til ein god del turar med dumper frå Skim. Det skal til saman kjørast på ca 600 lass med grus.

Publ. av olag 28-Apr-2004 (1137 visninger) Les meir... |

Nytt, moderne kunstgras i Grov!
Alt tyder nå på at det skal bli nytt, moderne kunstgras i Grov til haustsesongen 2004. Ei hurtigarbeidande nemnd nedsett av Lom idrettslag (Nils Olav Fosstuen, Tore Mundal, Kjell Magne Lunna og Lars Bakke med Hans Magne Ramen som sekretær) har gjort eit flott arbeid og har det meste klart både når det gjeld finansiering og framdrift.

Det nye Desso DLW Challenge PRO er godtkjent av UEFA for spel på toppnivå.

Publ. av olag 22-Dec-2003 (839 visninger) Les meir... |

Innandørs fotballhall i Lom?


John Nyland fotografert av Elias Sperstad i GD.

Elias Sperstad i Gudbrandsdølen/Dagningen har i dagens avis eit stort oppslag om Jon  Nyland (AP) som lanserer planane om ein innandørs fotballhall i Lom. Spørsmålet har kome opp som ei fylgje av dei vanskelege banetilhøva vi har innan Lomsfotballen både sommar og vinter og den diskusjonen som har gått lenge i Lom og bygging av ein fleirbrukshall.

Vi har teke oss friheita å kopiert inn heile dette innlegget i GD torsdag 5/6 og tek gjerne imot kommentarar (tast deg inn under).

Publ. av olag 05-Jun-2003 (963 visninger) Les meir... |



Mer nyheter? Ta en titt innom vår Nyhetsarkiv

Denne blokken er tom for �yeblikket.




Følg med på fotballen i Lom.