Alle Kategorier
 A-kamper 2003
 A-kamper 2004
 A-kamper 2005
 A-kamper 2006
 A-kamper 2007
 A-kamper 2008
 A-kamper 2009
 A-kamper 2010
 A-lag/junior info
 A-laget
 All time 25
 B-lag
 Dommaroppsett
 Ersviks erindringer
 For alle lag
 Gutter
 Historiske klipp
 Junior
 Kunstgras
 Lillegutt
 Lillepike
 Linker
 Miniputt
 Old Boys
 Piker
 Smågutter
 Småpiker



Hovedsiden
Nyheter Søk
Nyhetsarkiv
1999 2000
2001 2002
2003
Statestikk

Terminlister og resultat

Forum
Facebook
Skarpens blogg

Adresseliste fotballgruppa


Du er nå ein av i alt 9 som er inne på sidene.




Tore Mundal har følgt fotballen i Lom frå han begynte fyrst på 70-talet og fram til no. Tore har vore borte i mange gode spelarar både som trenar, leiar og tilskodar. Det vil sikkert vere stor usemje om utvalet og rangeringa, men det høyrer med til fotballen å ha ulike meiningar om slikt. - Når eg har vurdet spelarane, så har eg teke omsyn til den tida dei spelte i. Eg har nok og sett litt på kor lenge dei har vore med. Nokre trufaste slitarar har kanskje kome lengre opp på lista enn enn dei strengt teke skulle om ein berre hadde sett på kvalitet som spelar, seier Tore. 


Tippeliga mot RBK på i mai 95 med Øyvind Leonardsen i ryggen. RBK vann kampen 3-1 (H.M. Brattbakk 2 og S. Iversen) og frå Norway cup med Frode som lilleputt/smågutt.

Nr. 1: Frode Aurmo
Plass på banen: Midtbane/flankespelar
Sterke sider: Frode har det meste - fart, teknikk, fotballforståing og i tillegg så er han ein god hovudspelar.
Svake sider: Det er ikkje lett å finne nokon, men han har ikkje eit spesielt godt skot.

Vi som har følgt Frode frå han spelte miniputt som seks åring, er ikkje i tvil: Makan til fotballspelar får vi truleg aldri att. Han spelte i heile tida på lag eit steg over sin eigen alder. Han har gleda oss med utrulege prestasjonar på fotballbanen snart i 30 år. Det er heilt uforståeleg at ikkje han har blitt proff i utlandet. Kva er det til dømes Ole Gunnar Solskjær har som ikkje Frode har. Det vil seie at Frode har betre fart enn Solskjær og han er ein langt betre hovudspelar.
Frode har i dei fleste åra spelt i Lom,men han var i ei periode i HamKam. Han gjekk rett frå Lom i tredje divisjon og inn på fast plass på eliteserielaget HamKam. Eg har ein draum om at Frode trenar skikkeleg eit par sesongar og han får halde seg skadefri. Då har vi noko å glede oss til!

Publ. av olag 15-Jun-2004 (1418 visninger) Les meir... | Les meir... |

Nr. 2: Jon Gjeilo

Plass på banen: Midtbane/flankespelar
Sterke sider: Teknikk, målteft, løpskapasitet, fart(i sine yngre dagar), spilleforståing.
Svake sider: Hovudspel, tacklingsstyrke
 
Generelt: Jon har gitt oss fotballfrelste i Lom mange store stunder. Han var teknisk svært bra. Han utmerka seg allereie som små-/og gutespelar. Hans beste sesong i Lom var som eg hugsar det i 1981. Han spelte da mange kampar som var heilt utrulege. Jon var og svært god framfor mål. Han scora nesten i kvar kamp. Han var og i motsetnad til mange store teknikarar og svært løpssterk. Han vann som regel kondisjonstestane vi hadde. Han vart da og ein av dei beste maratonløparane i Noreg då han slutta som aktiv fotballspelar.  Meir om Jon..

Publ. av olag 19-May-2004 (963 visninger) Les meir... |

Nr. 3: Øyvind Moe


Plass på banen: Midtstoppar, midtbane og spiss
Sterke sider: Fotballforståing, målteft, pasningar og hovudspel.
Svake sider: Fart og løpskapasitet(plaga av allergi)
Generelt: Øyvind er ein dei beste fotballspelarane Lom har hatt. Allereie som miniputt utmerka han seg. Han spelte heile tida på to lag og da på eit lag høgare enn det han skulle for alderen. Han debuterte på a-laget i 1988. Han var og på nippet til å gå over til Ham Kam,men han spelte i heile sin karriære i Lom. I dei siste sesongane har det blitt så som så med trening, men han hevda seg godt i 3. divisjon.Han har vore toppscorar for Lom i mange år. Øyvind vill nådd enda lenger som fotballspelar hadde han ikkje vore så plaga med allergi. Det hende han måtte stå over fleire kampar om sommaren. Vi er spente på o vi også i denne sesongen kan få sjå Øyvind på banen. Men han musikkinteresser gjer vel at han har spelt sin siste kamp for Lom, men vi kan jo håpe....

Publ. av olag 06-May-2004 (978 visninger) Les meir... |

Nr. 4: Odd Erik Aukrust

Plass på banen: Midtbane/Midtstopper
Sterke sider: Han hadde det meste - men framfor alt ein framifrå hovudspelar. Han hadde og ein svært god pasningsfot. Odd Erik hadde ikkje problem med å slå presise langpasningar på over 60 meter. Han var og tacklingssterk og hadde ein fenomenal fotballforståing.

Svake sider: Han mangla litt fart og løpsstyrken var og så som så

Generelt: Odd Erik kom frå Gjøvik Sport til Lom i 1987. Han spelte mange gode kampar for oss,men han var litt ujamn. Noko som ikkje var så rart. Han hadde lange og harde arbeidsdagar på garden som han bygde opp. Men han var best da det galdt. Han viste sin styrke hausten 1988 då Lom kjempa for opprykk. Han var heilt utruleg i den avgjerande kampen mot Kvam for å få den viktige 2. plassen som gav rett til kvalifisering. Han var og Loms beste i dei to kvalifiseringskampane mot Lunner og Vang.

Den ansvarlege for denne sida har knapt sett betre hovudspelar. Eg får vel seie det som Odd Erik sjølv sa ein gong."Eg har ein spenst som er heilt nifs." Det er og svært positivt at han no har teke på seg å trene gutelaget. Han har mykje å tilføre unge spelarar.

Publ. av olag 21-Apr-2004 (767 visninger)

Nr. 5: Tor Arne Løberg


Frå kvalikkamp mot Vang på Vang da Lom rykte opp i den "gamle" 4. divisjon.

Plass på banen: Spiss
 
Sterke sider: Han hadde det meste - to gode skotbein, rask, målteft og hadde nokre fantastiske innlegg
 
Svake sider: Var svak på hovudet og kunne vere vel ego nokre gonger. Han maste stadig på trekant, men han hadde litt vondt for å spele opp att når han først fekk ballen
 
Generelt: Tor Arne kom til Lom hausten 86. Då hade han spelt først på Hamkam så på Brumundalen. Han hadde vore skada, men vart med på trening etter kvart. Han var og spelande trenar i sesongen 87. Han skuffa nok litt denne sesongen. Men i 88  sesongen var han fenomenal. Han scora mange mål sjølv og la opp til enda fleire.Men dessverre så la han oppetter denne sesongen. Men han vart overtala til å vere med på haustsesongen 89. Då var Lom langt nede på tabellen,og nedrykk var faretruande.
 
Men Tor Arne gav laget ein ny dimmensjon, og plassen vart redda(noverande 3. divisjon) Lom satsa knallhardt neste seong med heiltidstilsett trenar, Jan Olav Solstad. Det var sett mykje inn på å få Tor Arne til å ta ein ny sesong, men dessverre for fotballen i Lom valde han å prioritere familielivet. Ein kan berre spekulere i om korleis det ville gått med Lom i 1990 sesongen med han på laget.

Publ. av olag 12-Apr-2004 (829 visninger) Les meir... |

Nr. 6: Per Kvernstuen


Frå omkampen i G-Cup 1980 i Vågå mot Vinstra. Per Kvernstuen avgjorde kampen for Lom. Bak to andre sentrale spelarar på 80-talet, målvakt Jon Kjetil Svestad og forsvarsklippe Øyvind Mork.

Plass på banen: Midtbane
Sterke sider: Teknikk, løpskapasitet og fotballforståing
Svake sider: Han var ingen stor hovudspelar, men elles så hadde han det meste
 
Svake sider: Per var ein svært god fotballspelar. Han spelte fast på A-laget frå 1976 og fram til han på grunn av skade la opp i 1987/88. Per var ein trenars draum. Han var fantastisk lojal både mot laget og trenaren. Mange av dei unge fotball-
spelarane har mykje å lære av Per. Han kom alltid på trening for å trene, ikkje bli trent. Han var eit føredøme på banen. Mange vil seie at han var for oppteken av fair play. Han fekk vel knapt eit gult kort i heile sin karriere. Per vil gå inn i Lom si fotballhistorie som ein av dei "store"!

Publ. av olag 24-Mar-2004 (1115 visninger) Les meir... | Les meir... |

Nr. 7: Finn Gjeilo

Plass på banen: Spiss/midtbane. Sterke sider: Fart, målteft, og fotballforståing. Svake sider: Var ikkje spesielt god på hovudet. Generelt: Finn var ein av dei beste spissane i Gudbrandsdalen i 87 og 88 sesongen Men uheldigvis så skada Finn seg stygt på vinteren 89. Han øydela eit leddband i kneet. Operasjonen var ikkje vellykka, og han sleit det av igjen i 90. Finn vvart ikkje heilt fri frå denne skaden før i 92 sesongen. Da nærma han seg gamle takter, men så fekk han ein ny skade. Denne gongen var det auget. Desse lange skadeavbrekka gjorde at han mista noko av farta si. På slutten av karrieren spelte han defensiv midtbane. Her spelte han mange gode kampar i 2002 og 20001. Han har alltid vore flink til å trene på eigahand. Eg ser ikkje bort i frå at han gjer comeback denne sesongen.

Publ. av olag 15-Mar-2004 (563 visninger)

Nr. 8: Martin Fjeld

Martin og Tommy Øren under cupoppgjøret i 2002 i Grov(1-3).

Plass på banen: Midtstoppar/back
 
Sterke sider: Fart, tacklingsstyrke og plasseringsevne
 
Svake sider: Han er ikkje så svært høg slik at han kjem  stundom til kort i hovudduellar.
 
Generelt: Martin har spelt fotball i Lom sidan han var 6  år. Han har gått gradene frå knøtt til a-lag. Allereie som knøtt imponerte han seg med farta si. Sjølv om i dei siste åra har vore plaga av skader og fått trent lite, så har han  vist seg som den beste stopparen i 3. divisjon. Han har i enkelte kampar vore nesten eit forsvar aleine. Eg trur at Martin har vore den beste midtstopparen Lom har hatt. Unngår han skader og og lysta til å spele fotball er der, kan han halde på i minst 10 år til.

Publ. av olag 10-Mar-2004 (781 visninger) Les meir... |

Nr. 9: Erik AAbakken

Plass på laget: Keeper
Sterke sider: Han har det meste som keeper - god på streken, god rekkevidde og svært god mann mot mann.
 
Svake sider: Kan nokre gonger verke litt ukonsentrert og dermed nokre keepertabber. Men dei er sjeldne!
 
Generelt: Erik har spil på Lom i fleire sesongar, og er ved sida av Knut Sandviken den beste keeperen vi har hatt i Lom. I tillegg er han ein kjernekar og har vist seg svært lojal overfor klubben.
Til høgre: Erik sammen med Håvard Flo etter cupoppgjøret i Grov i 2002 (1-3).

Publ. av olag 01-Mar-2004 (833 visninger) Les meir... |

Nr. 10: Arne Moe

 
Arne som lilleputt- og seniorspelar
Plass på banen: Midtstoppar/midtbane
Sterke sider: Hovudspel, plasseringsevne og fotballforståing.

Svake sider: Mangla litt fart og likte seg ikkje når laget fekk motgang.
 
Generelt: Arne var god heilt frå han spelte lilleputt. Han utmerka seg tidleg med ein heilt framifrå fotballforståing. Som seniorspelar vart han mest brukt som midtstoppar. Han var ein svært spelande midtstoppar. Han freista alltid å finne medspelar med pasning ut i frå eige forsvarsfelt. Det var syns han flytte så tidleg frå Lom.

Publ. av olag 11-Feb-2004 (1459 visninger) Les meir... | Les meir... |



Mer nyheter? Ta en titt innom vår Nyhetsarkiv

Monday 02. February 2004
Nr. 11: Bjørn Brujordet
Monday 19. January 2004
Nr. 12: Knut Bersu
Monday 05. January 2004
Nr. 13: Per Dagfinn Ersvik
Wednesday 17. December 2003
Nr. 14: Kjell Rune Kjørren
Tuesday 02. December 2003
Nr. 15: Erik Frikstad
Monday 24. November 2003
Nr. 16: Knut Sandviken
Thursday 13. November 2003
Nr. 17: Olav Gudbrand Øyen
Wednesday 29. October 2003
Nr. 18 Bjørn Skjedsvold
Wednesday 22. October 2003
Nr. 19: Stig Kleiven
Tuesday 14. October 2003
Nr. 20: Einar Banken
Tuesday 07. October 2003
Nr. 21: Marvin Flaten
Tuesday 30. September 2003
Nr. 22: Trond Ersvik
Tuesday 23. September 2003
Nr. 23: Ola Helstad
Nr. 24: Ola Gjeilo
Nr. 25: Jan Storkjørren




Følg med på fotballen i Lom.