|
Miniputtar frå Lom spelte fotballkamp i Sogndal
 Den 18. juli hadde Lom sine miniputtar ein minnerik dag i Sogndal. Dei var inviterte til å vera ballgutar under Adeccoligakampen (1.divisjon) mellom Sogndal og Follo, samt å spele kamp i pausa. Foto: Ein stor dag på Fosshaugane. Bak frå venstre: Håvard
Hilleren Myren, Mattias Vestad, Marius Synstnes. Framme frå venstre: Jo Mallaug, Even Offerdal Bakken, Vemund Moe, Emma
Mallaug. Liggjande framme: Ivar Fjeld
|
|
|
Miniputtkamp på Fosshaugane Campus
Sundag 18. juli er det duka for storoppgjer på Fosshaugane Campus i Sogndal.
|
|
|
Lom kvit og Lom blå med solid innsats i Vågå!
 Måndagseftan var Lom kvit og Lom blå i 10-års klassa i Vågå og spelte to kampar kvar. Etter stor innsats og mange gode prestasjonar reiste båe laga heim att utan poengtap i det heile tatt! Dette som følgje av godt lagarbeid og godt samhald i laga!
|
|
|
Kampar i Grov
Miniputtane er klare for ein ny fotballsesong.
Her finn du oversikt på kampane dei skal spela i Grov sesongen 2010.
|
|
|
Miniputt J/G 09 er ferdig med sesongen!
 Dei ivrige miniputtane spela sine siste kampar i serien i går. På nytt var innsatsen og humøret heilt på topp! Vi har hatt tre lag - Lom raud, Lom blå og Lom kvit. Til saman har 10 jenter og 16 gutar vore med og spela mange gode kampar. Nokre med tap og nokre med siger! Vi har møtt lag frå Skjåk, Garmo og Vågå - og kampane har foregått på alle desse stadene - i tillegg til i Grov sjølvsagt. Bilde av laga med namn på spelarane finn du lenger ned i artikkelen!
|
|
|
Invitasjon til Miniputt-turnering i Grov
Som avslutning på sesongen vil fotballgruppa i Lom invitere til si årlege haustturnering i Grov. Den vil gå føre seg laurdag 27. sept. Oppmøte kl. 11. Laginndeling og kampoppsettet blir slått opp på veggen ute.

|
|
|
Miniputt G/J 10 med solid innsats!
Miniputt G/J 10 har hatt mange treningar og kampar heilt frå våren og fram til i dag. Siste dag med kampar vart avvikla i Vågå, og markerte dette med ein ny kveld med både tap og seier!
 Bak frå venstre: Ola Stubbrud Teigen, Kristian Mælan, Line Stee, Simen Aukrust, Paul Wagner og Gaute Bosmen Horten. Framme frå venstre: Anders Sandvold, Ola Eisten Mork, Åsmund Fossen, Vilde Helstad, Martin Zahl Slettom og Lars Storkjørren.
|
|
|
Tine fotballskule 2008
 Tine fotballskule vart arrangert på Bismo stadion 12.-14. aug. 70 ungar frå Lom og Skjåk spelte fotball to dagar og turna/spelte innebandy ein dag.
|
|
|
Festdag for dei yngste

Laurdag var det festdag for dei aller yngste da fotballgruppa inviterte til den årlege haustturneringa i Grov. Lag frå Lom, Garmo, Vågå og Lalm deltok og mange spente 2. klassingar aksla drakta for fyrste gong denne dagen. Haustturneringa i Grov har vorte ein fin tradisjon. På bildet er ein ny generasjon Kvernstuen (Jarmund) i gang med eit av sine mange dribleraid. Meir eller mindre tilfeldig - i heilraudt!
|
|
|
Ny miniputt-turnering i Grov

Som avslutning på sesongen vil fotballgruppa i Lom invitere til si årlege haustturnering i Grov. Den vil gå føre seg laurdag 29. sept.
|
|
Mer nyheter? Ta en titt innom vår Nyhetsarkiv
|
|