|
LILLEGUTT - TRENING I VINTER
Det vert trening for Lom Lillegutt (gutar født 1998 og 1999) i Lom Samfunnshus torsdagar frå kl. 18:00 til 19:30.
|
|
|
Sesongkommentar Lillegutt – 2008
 Etter ein lang sesong for lilleguttspelerane er det på sin plass med ei lita oppsummering. Vi har fått gleda av å trena ein gjeng med svært treningsivrige unggutar. Det har vore med 24 spelerar som har vore fordelt på to lag. Dette har vore -97 og -96 årgangane i Bøverdalen, Garmo,Lom og Skjåk. Vi har gjennomført 60 treningar, med svært stort oppmøte og flott innsats frå alle.
|
|
|
LILLEGUTTAR 2008
 Lilleguttspelerane i 1996 og 1997 årgangen har no avslutta vårsesongen. Vi har sidan februar hatt ein fantastisk motivert gutegjeng på trening. Totalt så har vi hatt 24 gutar med frå Lom, Garmo, Bøverdalen og Skjåk. Dei har vist oss ein fantastisk treningsmoral med jamnt oppmøte på trening, og telefonbeskjedar med sterk beklagelse når dei ikkje har kunne møtt. Dette vitnar om interesse, vilje og glede over å vera saman og få trene fotball.
|
|
|
TRENINGSKAMP LILLEGUTAR
Byneset I.L. sitt lag med spelarar fødd i 1996, vitja Lom i midten av august. Dei var m.a. på Galdhøpiggen. I tillegg ynskte dei å spela ein treningskamp mot Lom sitt lillegut-lag (-96-årgang).
|
|
|
Kampoppsett lillegutt
Lom stiller i år to lag i lillegut, kvit og raud. Laga er samansett av gutar frå Lom sentrum og Garmo, til saman 20 ivrige fotballspelarar. Dei har trening kvar fredag kl. 14.30 i Grov.Laga spelar i serie med Otta, Heidal, Skjåk og to lag frå Vågå. For resultat, klokkeslett og endringar - sjå kretsen sine sider...
|
|
|
Kampoppsett og kontaktpersoner lillegutt 2006
om stiller i år heile 3 lag i lilleguttklassen. Lom kvit, Lom raud, Lom blå.
Alle laga trener saman kvar måndag kl 17.00. Her er det mange ivrige spelarar som er mykje å treffe på fotballbanene rundt i kommunen. Det er med spelarar frå både Garmo, Bøverdalen og Lom sentrum på laget. Særleg mellom gutane fødd i 1994 er fotballinteressa stor 14 av 15 gutar i Lom kommune er på lilleguttlaget! Laga spelar i serie med 2 lag frå Vågå, 2 lag frå Skjåk og 1 lag frå Otta.
Trenar Tor Olav Mundal
Oppmenn:
Jan Storkjørren (blå)
Tor Trønnes (raud)
Tor Olav Mundal (kvit)
Under fullstendig kampliste lillegutt 2006. Atterhald om feil eller endringar.
|
|
|
Lilleputt på Ottacup
Lom har hatt tre lag i aksjon på Ottacup i helgen. Spel inne i hall er litt uvant for våre gutar, men laget gjorde likevel ein god innsats. Ottacup samlar kvart år lag frå store delar av det sørlege Norge og pågår heile helga nesten døgnet rundt. På bildet Andreas Hovde Bø med ballen i kampen mot Åsmarka som Lom kvit vann 3-2. Dei to andre Lomspelarane er Haakon Gjeilo og Ole Gunnar Kleiven.
|
|
|
Stor lilleguttgruppe i gang
Lilleputtlaget er også godt i gang med sesongen. Vi har i overkant av 20 spelarar i 93 og 94 klassa som er inndelt i to lag - Lom kvit og Lom raud.
|
|
|
Lilleputt-trening
Det blir lilleputt - trening kvar laurdag 12.00 - 13.30 på kunstgraset i Grov. Fyrste gong laurdag 16. oktober. Dette blir da for 93 og 94-modellane. Var du lilleputt i fjor er du også velkommen. Det er trening for 92 og 91 modellane (neste års smågutt) kvar måndag og torsdag kl. 18 - 19.30 saman med guttelaget 05. Har du spørsmål kan du ring Tor Olav på 61211980 eller bruke epost t-olav@online.no Vel møtt.
|
|
|
Publ. av toro 12-Oct-2004 (411 visninger)
|
|
|
Lilleputtlaga med innbyrdes oppgjer
Lilleguttlaget er i gang med sesongen og hadde fyrste seriekamp i Grov denne veka. Vi har to lilleguttlag og desse møttest til innbyrdes oppgjer. Lom kvit vann denne 5-3. Det tyder på at lagleiarane har gjort ein god jobb med laginndeling.
|
|
Mer nyheter? Ta en titt innom vår Nyhetsarkiv
|
|