
Lom er klare for 3 div etter å ha valsa over opprykksrival Mesna i dagens bortekamp. Etter at scoringane kom jamnt og trutt gjennom heile kampen endte det til slutt med ultrasolide 6-0 seier. Øyvind Moe scora tre mål, Espen Nyøygard scora to, etter at midtbanegeneral Frode Aurmo roa oss ned ved å sette inn kampens første mål. Vi gratulerer! Vi har prata med trenarn etter kampen! Du kan legge inn ei helsing til karane under eigen gratulasjonsprotokoll under forum! GD MED BILDER Lom stiller med følgjande lag: Odd Arne Hatløy, Martin Sanden Akslen, Jan V Storlien , Martin Fjeld, (Kristen Odde) Roger Øyjordet, Simen Kvamme Repp, (Yngve Tidemansen) Aslak Grasdalsmoen (Vetle Gjeilo), Frode Aurmo, Sondre Lunde, Øyvind Moe (Torkild Husom), Espen Nyøygard. (Kjell M Solbakken) P>
Kaptein Kjæstad var fråverande på grunn av sjukdom. Og alle veit at han må vera svært sjuk for å ikkje stille til denne kampen.Vi gratulerer kapteinen med opprykk og ynskjer god bedring!
Kampen gjekk på ei blaut bane. Jamnt i starten utan at noko av laga klarte å få overtak. Lom trykte etter kvart på. M.a hadde Espen eit skot rett over mål frå Espen. Frode Aurmo scora ved fremste stolpe etter dødball. Mesna overtok og hadde fleire halvsjanser. Lom opp i 2-0. etter at Espen heada inn etter innkast. 3-0 ved Øyvind som satte ballen etter å ha kome einsleg mot keeper. Pauserapport : Lom har vore effektive og leiar 3-0 etter god utnyting av sjansene. 3-0 er litt i overkant vurdert opp i mot spelet på bana. 4-0 Espen Nyøygard scorar sitt andre mål for dagen. Puttar etter retur frå Aslaks skot. . 5-0 ved Øyvind. Visstnok enkel scoring etter noko utrygt keeperspel. Fleire byte på tampen av kampen.Det var ikkje tvil etter pause. Lom var solide og Mesna skapte lite. Ein solid laginnsats var lagt for dagen. Vår utsendte på Jorekstad rapporterte vidare at det var ein lagseier, men nemnte spesielt Roger i midtforsvar som i tillegg til å rydde unna mykje, med god plasseringsevne var spesilet god til å ta ned ballen og gjera konstruktuve ting med den.
Trenar Martin Fjeld var naturleg nok høgt oppe etter kampen! Kunne gjerne ha vore uavgjort ved pause sa han. Dei var gode på dødball og hadde mange rutinerte spelarar. Etter pause trua dei oss minimalt og det vart ein parademarsj til sluttfløyta gjekk. Martin nytta høvet til å takke spelarar og støtteapparatet (særleg Kenneth vart nemnt) for formidabel innsats. Etter vårsesongen trudde eg egentleg ikkje på opprykk, men etter haustsesongen meiner eg bestemet at dette er fortjent. Nå er eg skikkeleg tent på neste sesong, og arbeidet med å klargjera roller må koma i gang fort. Det er mange ting som må koma i orden, sa Martin frå ein buss med over gjennomsnitt stemning (der cheerleader Kolden låg eit par decibelnivå over dei fleste!)








