Kjempekamp av småguttelaget
|
Publisert 18-Jun-2010 av jostein |
Lom sine smågutar med siger 3 - 2 over Vinstra/KvamLom: Simen S, Thomas, Ola, Pascal, Daniel, Sindre, Erik A, Erik S, Håkon, Per Arne, Rolv Ola, Mustafa, Sondre, Kolbjørn
Mål: Erik S (1), Erik A (1), Håkon (1)
Etter at smågutelaget har kjempa i motgang på slutten av vårsesongen, med to tap mot henholdsvis Follebu og Otta, så var det klart for ny kamp i Grov mot Vinstra/Kvam på torsdag. Vi har hatt mange sentrale spelerar skada, i tillegg til alle moglege sommaravslutningar som gjev forfall. Det var difor ein spent flokk spelerar og to småtrippande trenerar som tok imot V/K.
Som vanleg var det sterk vind i Grov, og V/K vel og spele i medvind i 1.omg. Vi spelar godt i motvinden og er nokre gonger farleg framme på besøk hjå V/K og skapar fleire sjansar. Likevel så vert vi heile tida pressa av eit godt organisert V/K, med ein rask spiss i Meldal som får levert mange lange medvindspasningar, så vert det etter 20 min 0-1. 0-2 kjem etter nok eit langt framspel på den raske spissen - noko som vert stillinga til pause.
Vi vert enige i pausen at vi skal jobbe oss inn i kampen, utnytte medvinden og få spelt igjennom spissane våre. Gutane har tenning att og er hissige på å visa seg fram i Grov. No styrer Lom kampen og Erik Steinsgård lagar eit nydeleg mål etter flott gjennomspel frå Erik A. Erik Aurmo raidar inn 2-2 målet etter å ha sprunge frå V/K sitt forsvar og trillar ballen iskaldt inn bak keeperen.
V/K slepp berre til framfor vårt mål med 2 avslutingar denne omgangen, takka vere ein spiss som går i offsidefella til Ola og hans eminente forsvarsfirer. Vi trykker nå knallhardt mot V/K og vil så gjerne vinne. Ola har fleire langskot, og eit frispark frå 25 meter i stanga. Vi er og farlege på hjørnesparka. Når vi 10 sek på overtid får ny corner så slår Ola ein perfekt corner som fyrst klareres, før Håkon Kjørren dundrar ballen i mål. Fantastiske gledesscener utspeler seg ute på banen i rein sørafrikansk stil. Den eminente dommar Frikk Gjeilo har lagt til 5 min - og det er nervøst fram til fløyta går. Banen vert storma av pulikum som består av foreldre og fleire langtidsskada spelerar. Dette var ein lagsiger slik ein fotballkamp skal vera. Vil likevel trekkje fram vikarkeeper Simen Storkjørren som hoppar inn for ein skada Dag - og står ein kjempekamp. Håkon Kjørren tek ansvar sentralt på midtbanen - er trygg,ballsikker og presterer årsbeste. Rolv Ola Karlsrud har fleire gode sjansar på å score, og gjev fleire gode assist.
Kampens høgdepunkt bortsett frå måla: Per Arne Krøkje sitt hælspark!!!!
No gjenstår Vågå heime på tysdag 22.06. Håper det vert mykje tilskoderar og ny festkveld !
|
| |
|