I ein skikkeleg slitekamp mot Slidre/Røn, viste Frikk Gjeilo at han ikkje har noko i fjerdedivisjon å gjere, og avgjorde kampen med to fantastiske mål. Slidre/Røn 0-2 (0-2): Frikk Gjeilo 2
Lom: Robin Mikalsen; Anders Skjelden, Martin Sanden Akslen, Reidar Kjæstad, Sondre Sperstad Gjeilo; Alv Holø (Erling Vole), Frikk Gjeilo, Vetle Gjeilo, Marvin Flaten; Øyvind Moe (Marius Holø), Aslak Grasdalsmoen.
Skogen stadion var eit anlegg akkurat slik det skal vere i norsk fjerdedivisjon. Tung, blaut og ujamn grasmatte, med ein fjellvegg og svart skog som nærmaste omgjevnader. Men herregud så artig det er å spele på ei slik bane att, i desse kunstgrastider.
Det viste seg ganske fort at vi streva med å bli vant til underlaget, fisefine kunstgrassnobbar som vi er. Vi trudde at vi kunne fortsetje å spele sexy football på bakken, men skjønte fort at det var vanskeleg. Slidre/Røn var meir klar over korleis ein skal takle å spele på slike baner, og slo mykje langt mot deira kjappe, tekniske og slepne spiss. Han skapte mykje problem for oss i starten, og det var shaky tendenser i Lom-forsvaret.
Utover i fyrste omgang tok vi over stadig meir, og spelte oss etterkvart til nokre halvsjanser. Men det var fyrst da Frikk Gjeilo vakna at vi fekk uttelling. Fyrst tek han med seg ballen, går på tvers av bana, og dunkar den inn i hjørnet med venstreslegga. Deretter samspelar han pent med Aslak Grasdalsmoen, før han set inn sitt og vårt andre mål.
Det må også nemnast at Slidre/Røn spelte seg til eventyrlege sjanser i denne perioda. Fyrst fekk dei eit mål annulert for offside, før dei på utruleg vis klarte å setje ballen utanfor da dei hadde fire mann aleine med Lom-keeper Mikalsen.
Vi har også våre sjanser, men skal likevel vere tilfreds med at vi klarte å ta med oss ei tomålsleiing til pause.
Andre omgang blir ein krig frå ende til annan. Slidre/Røn slår mykje langt, og kjempar knallhardt på alle oppspel. Vi har ein tendens til å bli alt for nonsjalante, og mistar fleire gonger ballen på eigen 16-meter når vi skal vere coole og spele oss ut av forsvar. Stundom er det ikkje så dumt med ei god gammaldags klarering, og coach Gjeilo fortalte relativt bestemt både avkommet og andre at nå "var det jaggu siste gongen"...
Den største sjansa heimelaget får kjem etter nok ei dårleg klarering frå vår side, og Mikalsen må ta fram ei praktredning for å slå ballen i stolpen etter eit langskot. Det må også seiast at vi har våre sjanser i denne omgangen. Den største har kanskje Martin Sanden Akslen da han umarkert header over frå fem meters hald. Også Marvin Flaten og innbyttar Marius Holø har sine moglegheiter til å punktere kampen, men lukkast ikkje.
Men vi klarte altså å halde nullen nok ein gong, og kunne ta med oss tre nye poeng. Pent å sjå på var det neppe, men fanken heller, finspelet kan vi ta fram heime i Grov. Det er ein grei eigenskap å vinne på dårlege dagar, og sjølv om Slidre/Røn kanskje føler at dei kunne teke poeng med litt tur, så er det ikkje ufortent at vi vinn. Den store profilen i kampen blir sjølvsagt Frikk Gjeilo som, sjølv om han er litt av og på, til tider herjar med heimelaget. Nemnast må også keeper Mikalsen, som har fleire kvalifiserte redningar på viktige tidspunkt i kampen. Ein stor kamp av Røde Robin.
Neste helg har vi spelefri, før vi skal ta turen til vakre Biri for ein tøff kamp om 14 dagar.