
Gode og innsatsfylte jenter 12 spela bortekamp mot Otta i kveld. Resultatet vart 5-5 etter at kampen skifta karakter fleire gonger undervegs. Jentene låg under, gjekk opp i leiinga, så under att. Ti min før full tid leia jentene 5-3, men Otta jentene klarte å sikre seg eitt poeng rett før full tid.Med på laget var Mari Solbakken, Synnø Biløygard, Tilde Øyjordet, Ida Camilla Sandviken, Oda Lund Aakre, Line Stee, Vilde Helstad og Vilde Stee. Målscorarar var Vilde Helstad (3), Line Stee og Oda Lund Aakre.
Etter kampen var jentene litt skuffa i og med at seieren glapp heilt på slutten. Men slik er fotball - det gjeld å ha fokus til fløyta går. Kampen sett under eitt er resultatet likevel rettferdig. Med full uttelling hadde det blitt seier. Med marginane mot oss hadde det fort vorte tap. Det er ikkje rett å nemne enkeltspelarar etter kampen av di resultatet kom som følgje av godt samspel og lagarbeid. Det er likevel rett å nemne at laget hadde med berre to jenter på 12 år. Resten av jentene er faktisk berre 11 og 10 år. Desse jentene får virkeleg bryna seg, og ein kan trygt si at dei veks med oppgåvene.
Før denne kampen har jentene vunne to kampar og tapt to. Uavgjort resultat ville koma før eller sidan. Det er med andre ord ikkje kjedeleg når desse jentene slår til. Siste kamp før jenter 12 tek ferie er torsdag 17 juni i Grov mot Vågå (kl 18.00).