
Det var retro-tider i Grov laurdag. Lom, anført av Marvin Flaten og Øyvind Moe, knuste Follebu 2. Lom - Follebu2 9-1 (5-1): Tåsten Nordal 3, Øyvind Moe 2, Frikk Gjeilo, Reidar Kjæstad, Marvin Flaten og Martin Fjeld.
Lom: Robin Stødle Mikalsen; Anders Skjelden (Alv Holø), Martin Fjeld (Pål Haugen), Reidar Kjæstad, Iver Lund Aakre; Sondre Sperstad Gjeilo, Frikk Gjeilo, Vetle Gjeilo, Marvin Flaten (Marius Holø); Øyvind Moe (Are Kvikstad), Tåsten Nordal.
Det ville vore for gale dersom Follebu skulle ha to lag som er bedre enn oss, og vi var fast bestemt på å ta med oss tre poeng også i dag. Men oppladinga var ikkje den beste for trenar Gjeilo og hans menn. Fleire slit med skader og sjukdom, og studentane glimra med sitt fråver i eksamenstida.
Derfor var det duka for kåmbækk i Loms bakre rekkjer. Martin Fjeld er endeleg restituert etter skisesongen, og fråsparket sat som det skulle også på Loms grøne kunstgras. Øyvind Moe har gudskjelov gløymt at han har lagt opp, og var involvert i det meste dei fyrste 45. Dagens fyrste mål kjem etter at Moe vinn eit langt oppspel frå Kjæstad, og får sendt ballen vidare til Tåsten Nordal som set den vakkert i mål.
Så starta "Back to the 90`s"-showet i Grov. Marvin Flaten skulle egentleg på konfirmasjon, men bøverdølen fann ut at han kunne vente til kaffen. Men han var uansett i kalasform, og herja kolosalt med Follebu sine backar. Fyrst på venstrekanten, før han vart flytta over på høgrekanten, der han rasa om mogleg enda meir. Og det var etter eit vakkert innlegg frå Flaten at dagens andre mål kom. I feltet står Øyvind Moe, og stangar ballen enkelt i mål.
3-0 får vi på ein corner, der Reidar Kjæstad får stå aleine i feltet og heade frå 6 meter. Så vil Frikk Gjeilo vise at også ungdommen kan skåre vakre mål. Han blir felt etter eit raid, og frisparket tek han sjølv. På utsøkt vis skrur han den over muren og opp i vinkelen, 4-0.
Det meste klaffar i denne perioda, og vi får også 5-0, på eit mål som kan minne mykje om det andre. Marvin Flaten raidar høgrekanten, og legg inn til Moe, som denne gongen skårer med høgreslegga.
Så kjem kampens mest irriterande øyeblikk. Follebu er på ein sjeldan visitt, og etter eit langt innkast søv vi i feltet. Etter litt klabb og phil babb i feltet får deira spiss snudd seg, og sett inn reduseringa. Utruleg irriterande, i ein kamp vi ikkje skal sleppe inn mål.
Ein kolosal omgang, der vi, med eitt unntak, har full kontroll bakover, og skaper haugevis med sjanser offensivt. Vi set sjølvsagt ikke alle, men uansett er det godt å sjå at ballen går fort og bevegelsen er stor. Da er vi gode!
Andre omgang held fram som den fyrste, og vi køyrer til tider over Follebu 2. Betre blir det ikkje av at dei må bytte ut spelarar utan å ha noko å setje inn, og mot slutten spelar dei vel med berre 9 mann. 6-1 kjem på eit kanonskot frå Flaten, i tverrliggaren og ned. Deretter spring Martin Fjeld seg fri på ein corner, og dunkar 7-1. Så er det Tåsten Nordal som vil vise at han godt kan spele spiss også resten av sesongen. Fyrst spring han frå alt og alle og set inn 8-1, før han set inn returen etter at Anders Skjelden har heada i tverrliggaren.
Utover i omgangen blir det litt parodi, med eit Follebu-lag som for lengst har gjeve opp, og eit Lom-lag der alle skal skåre. Vi blir alt for omstendelege, og ødelegg for kvarandre. Men det er ofte slik det blir når vi leder stort og det blir gjort mange bytter. Uansett er det bra å vinne så stort mot eit lag som, sjølv om dei ligg langt nede på tabellen, har oppnådd mange heiderlege resultat i årets serie.
Alle foto: Synne Gjeilo






