Etter ein god start på sesongen, har småguttelaget hatt ei tung uke med to tap. Først tapte vi 4-0 for Vinstra/Kvam mix på Kvam stadion, for så å ta turen til Stav idrettsplass å tape 4-1 for Øyer/Tretten. Vi har hatt ein god start på sesongen, men den siste uka vart tøff. Veit ikkje om det var møte med graset for fyrste gongen i år, men mot K/V mix var ikkje rette spruten på plass. Likevel ein jamn 1. omg der båe lag kunne scora opp til fleire gonger. K/V vart for sterke og putta 4 bak ein ellers god Dag i mål. Sjur måtte ut med strekk tidlig, og vi ser kor viktig han er for oss i det off spillet.
Mot Ø/T var det forferdelig mange forfall. Kan nevne Dag, Brage, Ole K, Erik S, Erik A, Daniel og Sjur med sin strekkskade var sporty nok til å stille i mål! Ø/T var i sterkaste laget og vann fortjent 4-1. Håkon var målscorar. Vi gratulerer Ø/T med sin fyrste siger for året! Vi håper vi kan ta opp att tråden frå dei fyrste kampane og spele festfotball att i Grov når Follebu/Gausdal kjem på besøk den 9. juni!