Alle Kategorier
 A-kamper 2003
 A-kamper 2004
 A-kamper 2005
 A-kamper 2006
 A-kamper 2007
 A-kamper 2008
 A-kamper 2009
 A-kamper 2010
 A-lag/junior info
 A-laget
 All time 25
 B-lag
 Dommaroppsett
 Ersviks erindringer
 For alle lag
 Gutter
 Historiske klipp
 Junior
 Kunstgras
 Lillegutt
 Lillepike
 Linker
 Miniputt
 Old Boys
 Piker
 Smågutter
 Småpiker



Hovedsiden
Nyheter Søk
Nyhetsarkiv
1999 2000
2001 2002
2003
Statestikk

Terminlister og resultat

Forum
Facebook
Skarpens blogg

Adresseliste fotballgruppa


Du er nå ein av i alt 9 som er inne på sidene.



Sliteseier i Vang
Publisert 29-May-2010 av reidar k

Det var topp og botn som møttest laurdag. Men det såg ikkje slik ut, kampen vart jamn og tett.

Vang-Lom 1-2 (1-1): Øyvind Moe og Reidar Kjæstad.

Lom: Are Kvikstad; Anders Skjelden, Martin Sanden Akslen, Reidar Kjæstad, Trond Brandsar (Alv Holø)(Iver Lund Aakre); Torstein Nordal, Vetle Gjeilo, Frikk Gjeilo, Marvin Flaten, Simen Kvamme Repp (Jo Hesthagen), Øyvind Moe.

Det var duka for lokaloppgjer da nabokommunene Lom og Vang møttest på Ryfoss laurdag. Vi har fått ein god start på sesongen medan Vang stod med to seirar og fire tap før dagens kamp. Og i starten av kampen kunne ein sjå ein skilnad på laga. Vi klarte å spele ballen hurtig frå mann til mann, og kom til fleire store sjanser.

Men vi klarte dessverre ikkje å få ballen i mål. Med det vanlege spissparet Grasdalsmoen/Nyøygard ute med skade og sjukdom var det tidenes toppskårar Øyvind Moe som stilte på topp saman med økonomiprofessor Repp. Og dei to gjorde mykje rett, heilt fram til avslutningane. Begge brente kvar si store sjanse, og også Frikk og Vetle Gjeilo hadde kvar si gode avslutning, og Reidar Kjæstad si heading vart redda på streken. Vang hadde også sine sjanser, og keeper Kvikstad måtte ta fram ei god redning på eit langskot.

Men uttellinga kom altså ikkje, og mot slutten av omgangen vart vi meir og meir utolmodige, og slurva meir og meir med pasningane. Dermed tok Vang over styringa, og fekk også kampens fyrste mål. Dei kom rundt på vår venstre side, la ut 45 grader (etter læreboka...), og sette ballen sikkert i mål. Pent spel, men vi var såpass med folk i feltet at vi burde klart å plukke ut målskåraren. Dette var det fyrste spelemålet vi har slept inn i årets sesong.

Vi fekk vår utlikning like før pause, og endeleg lykkast målkongen Moe. Etter å ha drege 3-4 skotfinter i feltet satte han ballen bak Vang sin høgrøsta keeper. 1-1 ved pause etter at vi kjørte den fyrste halvtimen, medan Vang var best siste kvarteret.

I starten av andre omgang skulle vi på nytt prøve å styre kampen, men det vart berre "sådær". Vi klarte ikkje å jobbe saman som eit lag, og det vart altfor langt mellom lagdelane. Vang slo også mykje langt i medvinden, og hadde eit par store halvsjanser etter at dei slo i bakrom over forsvaret vårt.

Vi skapte fortsatt nokre sjanser, og den største hadde Kjæstad da han skaut rett på keeper på blank goal etter ein corner. Men etter eit frispark klarte ikkje eingong han å bomme. Ballen går i muren, og det er enkelt å putte ballen i mål.

Etter dette legg vi oss litt djupare i bana, og prøver å kontrollere seieren. Vang har ballen mykje, og slår ein del langt, men dei strevar med å kome til dei heilt store sjansene. Vi prøvar likevel å hjelpe dei så best som råd med svært variabelt pasningsspel, og lite bestemt duellspel. Likevel klarar vi å halde tett bakover, og tek med oss ein ny seier, på ein dårleg dag. Det er ingen dårleg eigenskap.

Så nokre ord om motstandar Vang. For sjølv om dei har hatt ei mildt sagt variabel serieopning, viste dei seg som eit godt fjerdedivisjonslag. Dei var sterke fysisk og var gode offensivt, og eg er heilt sikker på at dei kjem til å plukke mykje poeng utover i sesongen. For vår del var dette altså inga stor forestilling, men som det vart sagt i garderoba etter kampen, nå bør plassen i fjerdedivisjon snart vere sikra.


 

Relaterte lenker
· Mer om Senior
· Nyheter av reidar k




Valgmuligheter

Utskriftsvennlig versjon  Utskriftsvennlig versjon

Send nyheten videre  Send nyheten videre





Friday 27. August 2010
God guttekamp i Grov
Thursday 26. August 2010
2 kamper for jenter 14 denne uka
Wednesday 25. August 2010
Ny jentetrenar
Tuesday 24. August 2010
Uavgjort for småguttelaget på Kvam,
Sunday 22. August 2010
Gutter 16 med tap i høstserieåpningen
Saturday 21. August 2010
Surt tap mot Otta
Festkveld for småguttelaget!
Friday 20. August 2010
Otta på besøk
Wednesday 18. August 2010
Jenter 14 åpnet høstsesongen med tap
Friday 13. August 2010
Fortent stortap på Fåvang
Thursday 12. August 2010
Småguttelaget på Norway Cup
Wednesday 11. August 2010
Miniputtar frå Lom spelte fotballkamp i Sogndal
Saturday 07. August 2010
5-0-seier over Kvam
Thursday 05. August 2010
Det vart tap for småguttelaget
Tuesday 03. August 2010
Lom/Skjåk 1 til a-sluttspill
Lom/Skjåk smågutt ute av årets Norway cup.
Jentene gikk også på ett 3 - 1 tap mot Paces
Lom smågutt 1 tapte 3 - 1 mot Palestinere
Aud og Lom på Norway Cup
Monday 02. August 2010
Lom/Skjåk smågutt 1 videre i Norway cup!

Eldre nyheter



Følg med på fotballen i Lom.