Sist oppdatert: 09.01.01 19:59
Styre og stell for fotballgruppa i boks

Det er årsskiftetid og dermed årsmøtetid.  Leiaren i fotballgruppa dei siste åra, Nils Olav Fosstuen, har sagt frå seg attval. Det var dermed nødvendig for valgkomiteen å finne nye folk til denne viktige oppgåva. Dette har dei greid og dei aller fleste av dei valkomiteen har kontakta, har sagt ja til å ta eit tak for Lomsfotballen.  For å få fordelt oppgåvene, er det lagt opp til ein omfattande modell med utval for det sportslege, økonomi og anlegg/utstyr. Vi nyttar også høvtet til å takke Nils Olav Fosstuen for den store innsatsen han har lagt ned for Lomsfotballen dei siste åra. Nils Olav blir nok å finne bak kulissane og på kamp i Grov også i åra som kjem.

Utvala som blir lagt fram for årsmøtet seinare i vinter er:

Styret i fotballgruppa:
Ola Moe (leiar), Gunn Karin Teigum (nestleiar), Øystein Kveum, Jarleif Kjørren og Morten Sørhage.

Sporsleg utval:
Jarleif Kjørren (leiar/sportsleg leiar senior), Ola Gjeilo (sportsleg leiar aldersbest.), Gunn Karin Teigum (hovudansv. jente), Tor Arne Løberg  + 1-2 personar til.

Økonomi:
Morten Sørhage (leiar), Martin Fjeld, Egil Olav Nyrnes, Ragnhild Kjæstad + 1-2 personar til.

Anlegg/utstyr:
Øystein Kveum (leiar) , Kjell Magne Lunna , Bjørn Ola Vaagaasarøygard, Trygve Husom, Stein Kåre Rusten , Arve Moe og Olaf Kjørren.