|
Lom - Vang laurdag
Lom møter "naboklubb" Vang til 4. divisjonsdyst i Grov laurdag 4. september. Kampstart kl. 15. I tilsvarande oppgjer i vår vann Lom 2-1 etter scoringar av ungjypplingane Øyvind Moe og Reidar Kjæstad.
|
|
|
Dugnad i Grov
Aktive eller foreldre med har aktive yngre blir bedne om å stille til dugnad i Grov tysdag 31. august kl. 18.00 og torsdag 2. sept. kl. 18.00. Det blir beising, grasklypping vedlikehald på mål osv. Lom IL spandera kaffe & biteti:-)
|
|
|
Endeleg tre poeng
 Etter ein sørgeleg start på haustsesongen klarte vi endeleg å få med oss tre poeng mot Dokka sundag. Men vi klarte nesten å rote det til for oss denne gongen au. Bildet: Trond Brandsar med det avgjerande målet.
|
|
|
Hard kamp og opp- og nedrykk
 Det nærmar seg slutten på årets sesong. Etter tapet mot Otta sist helg, må vi vel innsjå at kampen i vår 4. divisjonspulje står mellom Faaberg og Otta. Men, opprykk til 3. divisjon er ikkje sikra om avdelinga er vunnen. Det må til ein knallhard kvalik mot dei to andre avdelingsvinnarane i IØFK. Dette ser ut til å bli Toten eller Storhamar i avd. 2 og Trysil som leiar avd. 3 med klar margin.
|
|
|
Ny jentetrenar
Jr jentelaget og J16 har fått ny trenar. Han heiter Dennis Roozendal, og kjem frå Nederland.
|
|
|
Uavgjort for småguttelaget på Kvam,
Lom/Skjåk starta kampen med eine mønsterangrepet etter det andre og leda komfortabelt 4-1 til pause, men måtte dele poeng med Kvam/Vinstra i kveld.
|
|
|
|